Framleis mogleg å vere med på Tine Fotballskule Hafslo 2016

Picture1

Tine Fotballskule på Hafslo har vorte ein flott tradisjon, og Fotballgruppa på Hafslo vil for 9.året på rad arrangere Tine Fotballskule i Moane i siste veka av skuleferien! Tine Fotballskule 2016 blir arrangert i Moane over tre dagar (tysdag 9.august til torsdag 11.august) kl.10-14 kvar dag.

Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Fotballskulen er for alle, og det er ikkje eit krav at du har vore med på fotball tidlegare.

Meir informasjon om deltakaravgift, påmelding mm. finn du her: Invitasjon TINE Fotballskule Hafslo 2016

Om du ønskjer å vere med, men framleis ikkje har meldt deg på, er                            FRISTEN FOR PÅMELDING INNAN 10.JULI!

Fotballgruppa håpar at mange har lyst til å vere med på den 9.utgåva av Tine Fotballskule på Hafslo!IMG_6182HIL-logo