Miniputt-turnering på Hafslo søndag 28.august

Søndag 28.august skal det vere miniputt-turnering i Moane på Hafslo. Om lag 500 spelarar frå Hafslo, Sogndal, Bjørn, Kaupanger, Luster og Norane skal spele kampar i Moane denne søndagen. Det betyr at alle miniputt-foreldre må hjelpe til under arrangementet, og no er det sendt ut dugnadsliste til alle oppmenn/lagleiarar for miniputt-laga våre.

Oppmodar alle miniputt-foreldre om å sjekke dugnadslista, slik at alle veit kva dugnad dei skal utføre. Om de ikkje har fått lista frå oppmann/lagleiar, bør de etterlyse denne.

Om det er nokon foreldre som har spørsmål eller ikkje kan utføre oppgåva dei er sett opp på, må de kontakte miniputt-ansvarleg Anne Therese Moen om dette så snart som mogleg på tlf. 41606397 eller e-post: anne.moen@gmail.com.