Heimekampar for Hafslo IL sine lag resten av fotballsesongen 2016

IMG_0949 IMG_1722

Det er stor fotballaktivitet på Hafslo, og denne sesongen har vi 13 lag som er med i seriespel frå 9 år og opp til senior. Det betyr mange seriekampar både på kunstgrasbana i sentrum og i Moane. Og vi er heldige som har mange unge og dyktige dommarar til å dømme kampane for dei aldersbestemte laga.

I lenkja nedanfor finn de ei oversikt over heimekampane som står att denne sesongen. Det er berre å møte opp på heimekampane og heie på dei mange flinke fotballspelarane våre!

HEIMEKAMPAR HAFSLO IL HAUSTSESONGEN 2016

Det kan bli endringar i kampoppsettet når det gjeld stad og tidspunkt, og eventuell informasjon om dette kjem på heimesida eller Facebook-sida vår.