Innleiande runde i KM Futsal innandørs 2017

I helga er det innleiande runder i KM Futsal Innandørs 2017, og fotballsesongen er for alvor i gong. KM Futsal Innandørs er for gutar og jenter i alderen 13-19 år, og Hafslo IL har med 9 lag under årets KM (inkludert samarbeidslaga Hafslo/Bjørn J15 og J16).

Dei innleiande rundene skal spelast i Øvre Årdal og i Vik laurdag 4. og søndag 5.februar. Sluttspelet er på Sandane første helga i mars. Så får vi håpe at laga våre presterer godt i helga, slik at dei kjem seg vidare til sluttspelet.

Følgjande lag skal i aksjon laurdag 4.februar:

  • Vik: Hafslo G13, Hafslo J13 (to lag)
  • Øvre Årdal: Hafslo G15, Hafslo/Bjørn J15

Desse laga skal i aksjon søndag 5.februar:

  • Vik: Hafslo G16
  • Øvre Årdal: Hafslo J14, Hafslo G14, Hafslo/Bjørn J16

Resultatoppdatering kjem fortløpande på kretsen sine sider via denne lenkja

Fleire av kampane frå Øvre Årdal blir sendt direkte via Porten.no

Vi håpar også å få lagt ut bilete og oppdateringar på facebook-sida i løpet av helga. Vi ønskjer alle laga lukke til!