Samarbeid mellom Hafslo IL og IL Bjørn om jentelag sesongen 2017

Etter sesongslutt 2016, tok leiar i Fotballgruppa i IL Bjørn kontakt med leiar i Fotballgruppa i Hafslo IL, om samarbeid om jentelag i fotballsesongen 2017. Fotballgruppene oppretta deretter ein dialog, og gjennomførte ei kartlegging i begge klubbane om kor mange jentespelarar som var aktuelle for eit samarbeidslag.

På leiarmøtet i regi av NFF Sogn og Fjordane siste helga i november 2016, vart det bestemt at jenteklassa sesongen 2017 skulle omfatte jenter født i 2002, 2001 og 2000 (J15/16/17).

På felles møte med aktuelle spelarar, trenarar og foreldre i klubbane like etter nyttår, viste det seg at 15 jentespelarar ønskte å vere med på eit samarbeidslag. Fotballgruppene i klubbane utarbeidde ei avtale om sportsleg samarbeid sesongen 2017, som vart sendt til NFF Sogn og Fjordane for godkjenning. Samarbeidslaget vart godkjent 27.01.2017.

Hovudpunkta i samarbeidsavtala er:

  • Laget skal heite Hafslo/Bjørn J15/16/17
  • Laget skal stille 11ar-lag i serien sesongen 2017
  • IL Bjørn skal ha det økonomiske og administrative ansvaret
  • Laget skal stille felles lag i KM Futsal Innandørs 2017 i klassane J15 og J16
  • Trenarar: Norill Terese Norheim, Hafslo IL og Jarand Røneid, IL Bjørn
  • Begge klubbane stiller med ein lagleiar kvar
  • Treningar og kampar blir fordelt mest mogleg likt mellom Hafslo og Gaupne sesongen 2017
  • Laget spelar annakvar kamp med hhv. Hafslo IL sine drakter og IL Bjørn sine drakter
  • Spelarane betalar medlemsskap/avgifter til klubbane dei er medlemer av

Fotballgruppene i begge klubbane er godt nøgde med å få til eit samarbeidslag som sikrar eit svært godt sportsleg tilbod for dei eldste jentespelarane på Hafslo og i Gaupne sesongen 2017. Det er også gledeleg å sjå at både jentene, trenarane og foreldra er svært positive og entusiastiske til det som skal skje sesongen 2017.

Allereie komande helg skal Hafslo/Bjørn J15 og Hafslo/Bjørn J16 spele KM Futsal innandørs. Det blir spanande å følgje samarbeidslaget både under KM og vidare utover sesongen. Vi ønskjer jentene, trenarane og foreldra lukke til, og håpar det er mange både på Hafslo og i Gaupne som vil følgje med og stille opp og heie på Hafslo/Bjørn J15/16/17 i sesongen som kjem!