Hafslo-jenter skal kjempe om KM-titlar

                                              

I helga er det sluttspel i KM-futsal innandørs på Sandane, og mange Hafslo-jenter skal vere med å kjempe om KM-titlar. Både Hafslo J13, Hafslo J14 og Hafslo/Bjørn J15 imponerte i dei innleiande kampane i byrjinga av februar, og skal i helga måle krefter mot dei andre laga frå fylket som har kvalifisert seg til årets KM-sluttspel.

Hafslo J13 og Hafslo/Bjørn J15 skal spele laurdag og Hafslo J14 spelar søndag. Nytt i år er live-streaming av kampar frå KM-sluttspelet, sjå meir informasjon på kretsen sine sider her. I oversikta nedanfor har vi utheva kampane med Hafslo IL sine lag som kan følgjast direkte via live-streaming.

Hafslo J13 er første lag i aksjon, og spelar slik laurdag 4.mars:

  • kl.1000: Hafslo J13 – Eid J13
  • kl.1030: Dale J13 – Hafslo J13 -live streaming
  • kl.1115: Hafslo J13 – Syril J13
  • kl.1200: Breimsbygda J13 – Hafslo J13 – live streaming
  • kl.1315: Evt semifinale
  • kl.1345: Evt finale el bronsefinale

Hafslo/Bjørn J15 spelar slik laurdag 4.mars:

  • kl.1400: Hafslo/Bjørn J15 – Førde J15
  • kl.1445: Sandane J15 – Hafslo/Bjørn J15
  • kl.1530: Hafslo/Bjørn J15 – Vik J15
  • kl.1615: Hyllestad/Lavik J15 – Hafslo/Bjørn J15 – live streaming
  • kl.1730 el. 1745: Evt semifinale
  • kl.1815: Evt finale el. bronsefinale

Hafslo J14 spelar slik søndag 5.mars:

  • kl.1045: Sandane J14 – Hafslo J14
  • kl.1115: Hafslo J14 – Førde 2 J14
  • kl.1245: Hafslo J14 – Hornindal J14 – live streaming
  • kl. 1315: Evt semifinale
  • kl.1400: Evt finale el. bronsefinale

Full oversikt over kampane og resultatservice på kretsen sine sider her.

Det blir ei spanande fotballhelg, og vi ønskjer Hafslo-jentene lukke til. Oppdateringar kjem på Facebook-sida i løpet av helga.