God KM-innsats av Hafslo-jentene!

Det har vore ein flott futsal-dag på Sandane, og Hafslo-jentene har sparka godt i frå seg. Sjølv om ingen av dei to laga frå Hafslo som har vore i aksjon i dag nådde heilt fram, er det ingenting å seie på innsatsen. Og ekstra stas med direktesendte kampar på nett for begge laga frå Hafslo i løpet av dagen! Uansett har det vore ei god opplading til fotballsesongen som snart er i gong for fullt!

Dagens resultat for Hafslo J13:

  • Hafslo J13 – Eid J13 0-1
  • Dale J13 – Hafslo J13 1-0
  • Hafslo J13 – Syril J13 3-0
  • Breimsbygda J13 – Hafslo J13 1-1

Dagens resultat for Hafslo/Bjørn J15:

  • Hafslo/Bjørn J15 – Førde J15 1-2
  • Sandane J15 – Hafslo/Bjørn J15 4-0
  • Hafslo/Bjørn J15 – Vik J15 0-3
  • Hyllestad/Lavik J15 – Hafslo/Bjørn J15 1-1

Og i morgon skal Hafslo J14 i aksjon. Vi heiar på jentene, og det er framleis håp for KM-jubel for Hafslo i årets KM Futsal innandørs!