Hoppmiljøet på Hafslo i dokumentar på NRK1 torsdag 9.mars kl.2230

Torsdag 9.mars kl.2230 kjem det ein dokumentar om hoppsporten på NRK1, der brødrene Per Birger og Jon Ove Lomheim er stjernene!

Hoppmiljøet på Hafslo kjem i fokus på NRK1 komande torsdagskveld. Dette er stort for ildsjelene som gjennom mange år har stått på for hoppsporten både på Hafslo, i Sogn og i heile fylket. Men det er også stort for Hafslo IL at det kjem ein slik historisk dokumentar frå hoppmiljøet og Kvamsbakken i beste sendetid på NRK1. Dette vil også vere positivt med tanke på rekrutteringa til hoppsporten framover.

Dokumentaren «Folkesporten som forsvann» er laga av Sondre Dalaker, som er ei kjend stemme frå NRK Sogn og Fjordane. Han har gjort mange filmopptak frå hoppbakken i Kvam og frå rekrutteringsrenn ved Sogn skisenter. Han har også fulgt hoppstjernene våre under veteran-VM, og har i tillegg vore på Austlandet for å filme bakkar og intervjua både born og vaksne. Dette er samanfatta til ein dokumentar om hoppsporten der hoppmiljøet på Hafslo er i fokus førstkomande torsdagskveld på NRK1!

Vi oppmodar alle om å benke seg foran TV-skjermen og slå på NRK1 torsdag 9.mars kl.2230!