Idrettslaget treng nye tillitsvalde – bli med på laget!

Året 2018 går mot slutten, og Hafslo Idrettslag har lagt bak seg nok eit flott og aktivt idrettsår. Det er mange som har gjort ein stor og viktig innsats i året som har gått, og ikkje minst gjeld det alle som har tillitsverv i hovudstyret og dei ulike gruppestyra våre. For at idrettslaget skal kunne oppretthalde den store aktiviteten, er det heilt avgjerande at vi har medlemer som tek på seg større og mindre tillitsverv i idrettslaget.

Torsdag 7.februar 2019 er det igjen tid for årsmøte, og hovudstyret og særgruppene har starta arbeidet med å fylle større og mindre verv i idrettslaget. I år er det er forholdsvis mange tillitsvalde som gir seg etter mange års innsats for idrettslaget. Det betyr at det er fleire tillitsverv både i hovudstyret og i særgruppene som må erstattast. Særleg gjeld dette i Fotballgruppa som er den største særgruppa vår, og i Barneidrettsgruppa. Men det er også verv både i hovudstyret og i andre særgrupper som må fyllast.

Erfaringsmessig har det vore krevjande å få tak i nye tillitsvalde dei siste åra. Vårt inntrykk er at mange er positive til å gjere ein innsats for idrettslaget, men vegrar seg likevel for å ta på seg tillitsverv. Spesielt vegrar ein seg for leiarposisjonar. Med ei slik haldning vil vi ikkje klare å fylle verva som manglar folk, og det vil i neste omgang kunne føre til redusert aktivitet i idrettslaget vårt.

Vi vil difor på det sterkaste oppmode deg som medlem til å ta på deg eit tillitsverv i idrettslaget der du føler du har noko å bidra med. Alle har det same ansvaret for å oppretthalde aktiviteten i idrettslaget vårt, og vi veit at det er mange som har noko å bidra med. Ver positiv og sei ja til ei utfordring!

Har du lyst å ta på deg eit tillitsverv i hovudstyret eller i ei av særgruppene i 2019, er du svært velkomen til å ta kontakt med dei ulike gruppestyra eller med leiar i idrettslaget, Ove Midtbø. Vi som er tillitsvalde i idrettslaget, håpar vi får med oss fleire nye tillitsvalde på laget framover!