Ny samarbeidsavtale med Intersport Sogndal frå 1.januar 2019

 

Hafslo IL har dei siste fire åra hatt samarbeidsavtale med Sport 1 Sportsbui, og vi har hatt eit godt samarbeid. Ettersom denne avtala gjekk ut ved årsskiftet, bestemte hovudstyret å sette i gong ein prosess hausten 2018, der vi innhenta tilbod frå både Sport 1 Sportsbui og Intersport Sogndal om ny samarbeidsavtale frå 01.01.2019.

Vi sat til slutt att med to gode tilbod, og etter ei samla vurdering konkluderte hovudstyret med at vi ønskte å inngå ny samarbeidsavtale med Intersport Sogndal frå 01.01.2019 til 31.12.2022. Det betyr at samarbeidsavtalen med Sport 1 Sportsbui er avslutta frå dags dato.

Det kjem meir detaljert informasjon om innhaldet i den nye samarbeidsavtala med Intersport Sogndal i løpet av kort tid, men følgjande hovudpunkt kan nemnast:

  • Medlemer i Hafslo IL får følgjande rabattar i butikken hos Intersport Sogndal dei neste fire åra:

-Umbro klubbkolleksjon : 20 % rabatt (klubb 25 % rabatt)

-Andre Umbro-varer: 20% rabatt

-Mizuno/Asics løpssko: 15 % rabatt

-Fotballsko (Nike, Adidas, Umbro): 20 % rabatt

-Fjellsko Alfa og Mammut : 20 % rabatt

-Craft tekstil (t.d.for ski og trening): 20 % rabatt

Rabattane gjeld varer i butikk, og gjeld ikkje varer der prisane allereie er sett ned.

  • Kvittering for gyldig/betalt medlemsskap i Hafslo IL må visast fram for å få rabatt. Inntil vidare kan du ta med bilete eller utskrift av kvitteringa for betalt medlemsskap i Hafslo IL når du handlar. Vi arbeider med å få på plass ei løysing med medlemskort e.l., og meir informasjon om dette kjem på heimesida vår og på Facebook når det er klart.

Det kjem eigne klubb- og handledagar med gode tilbod etterkvart.

Vi ser fram til å samarbeide med Intersport Sogndal dei neste fire åra.

Eventuelle spørsmål om den nye samarbeidsavtala kan rettast til leiar Ove Midtbø.