Barneidrett vinter 2019

Vi er i gong med eit nytt år og det er tid for nye barneidrettsaktivitetar.
I lenkja nedanfor finn de vinterprogrammet for Barneidretten 2019.

Onsdagar vert det skicup som vanleg, og oppstart er onsdag 16.januar kl.17.15-18.00. Det vert registrering frå kl 17.15-18.00. Startkontingent er kr. 50,- for kvart born som deltek. Kontigenten kan betalast kontant som før ved oppmøte, eller via Hafslo IL sin VIPPS-konto, nr. 114316. Tidtaking kl. 18.00. Elles legg vi opp til ulike skileik aktivitetar.

NB: I år vert skicupen arrangert i sprintløypa, som ligg 50 meter bak verkstadbygget. Parker på den øvre parkeringsplassen!

Det ligg trimbok i postkassa på 5-km løypa. Dette er ein kjekk tur for alle.
I tillegg vert det mogleg å prøve seg på hopp i bakken over skisenteret etter skicupen for dei som ynskjer det.

Det vert Telenorkarusell hopp/ skicross følgjande onsdagar: 30.01, 13.02, 06.03, 20.03 og 27.03.

Alpingruppa arrangerer Telenorkarusell desse tysdagane 29.01, 12.02, 05.03 og 19.03.

Onsdag 27.mars vert det avslutning med kveldsmat og premieutdeling i kafeen på skisenteret. Alle registerte får premie, i tillegg vert det pokal til dei som har delteke fem gongar eller fleire. Dei som ikkje deltek på avslutninga, men som skal ha premie; ta kontakt.

Alle born er velkomne til å vera med, einaste kravet er at ein må vera medlem i Hafslo Idrettslag.

Evt endringar i programmet vert lagt ut på nettsida vår www.hafslo-il.no og på Facebook-sida vår. Gå gjerne inn på Hafslo Idrettslag på Facebook og lik sida vår.

Lenkje til vinterprogrammet 2019: