Vi er i gong med eit nytt år, og i desse dagar vert det sendt ut e-postar til alle registrerte medlemer med informasjon om korleis du betalar medlemskontigenten for 2019. Dette skjer som tidlegare gjennom det elektroniske medlemsregisteret i Min idrett, www.minidrett.nif.no.
Alle registrerte medlemer får tilsendt ein e-post frå leiar@hafslo-il.no. E-posten vert sendt til den e-postadressa som vart lagt inn ved registrering i medlemsregisteret. NB: Om du ikkje får e-post, kan du sjekke søppel-innboksen din, då det kan skje at e-posten kjem der. Det kan også hende at nokon får fleire e-postar, t.d. dersom fleire familiemedlemer. Men det er tilstrekkeleg at du opnar ein av e-postane.
I e-posten frå leiar@hafslo-il.no står følgjande informasjon om korleis du betalar medlemskontigenten for 2019:
Du har mottatt betalingsinformasjon fra Hafslo Idrettslag. Betalingsinformasjonen kan gjelde for deg eller dine familierelasjoner (barn).
Hvis informasjonen ikke ligger vedlagt i eposten så må du logge deg på Min idrett for å se og eventuelt betale kontingenten/ avgiften.
Medlemskontingent Hafslo IL 2019
Medlemskontingent Hafslo idrettslag 2019
For å delta på aktivitetar i Hafslo idrettslag, er det krav om å vera medlem.
Prisen for einskildmedlem er kr 200, for pensjonistar kr 100 og for familie kr 600. Barn er inkludert i familiemedlemsskapet ut det året dei fyller 19 år.
Som medlem i Hafslo idrettslag vil du kunna få rabatt på fleire varer hos Intersport Sogndal. Gyldig medlemsskap må visast fram. Hugs å ta bilete eller utskrift av kvitteringa. Meir informasjon om dette på heimesida til HIL.
Du kan betala fakturaen ved å gå inn på min.idrett
Har du spørsmål kan du ta kontakt med :
Erna Hamrum, erna.hamrum@sfj.no, 99 39 56 32 eller
Ove Midtbø, ovemidtbo@hotmail.com, 41 37 56 55
For spørsmål vedrørende betalingen, kontakt Hafslo Idrettslag. For spørsmål vedrørende bruken av Min idrett, kontakt idrettens support.
For å betale medlemskontigenten, må du logge på profilen din i Min idrett. Du kan logge deg på Min idrett ved å klikke på lenkja i e-posten, eller du kan gå til www.minidrett.nif.no. Du må ha oppretta brukar i Min idrett for å kunne logge på. Har du gløymt brukarnamn eller passord, kan du bestille nytt via passord eller e-post. Får du problem, kan du ta kontakt med Ove Midtbø eller Erna Hamrum via kontaktinformasjonen som står i e-posten.
Nye medlemer finn meir informasjon om medlemsskap i idrettslaget på heimesida vår, www.hafslo-il.no.
Meir informasjon om korleis du betalar medlemskontigenten i Min idrett finn du her
Vi håpar alle registrerte medlemer ønskjer å halde fram som medlemer i Hafslo Idrettslag også i 2019, og ønskjer alle nye velkomne som medlemer i idrettslaget.