Intersport Sogndal med ny kampanje på Hafslo IL – dunjakke

Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal startar det nye året med ny kampanje og klubbpris på Umbro – Core Down Jacket (sjå bilete).

Det er mange av medlemene våre som allereie har sikra seg den flotte klubbjakka, og det er fleire som har etterspurt ny kampanje. No får alle medlemene våre eit nytt høve til å bestille seg ei Hafslo IL – jakke til kampanjepris ut januar månad 2020.

Jakka blir levert med klubblogo, og med logoar frå samarbeidspartnerane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Dennison.

Prisar utan namn på rygg:

Senior (XS-S-M-L-XL-XXL-3XL) kr. 975 (veil pris er kr.1399)
Junior (116-128-140-152-164) kr. 800 (
veil pris er kr. 1199)

Du kan også bestille namn med gule bokstavar på rygg i tillegg, og det blir ein ekstra kostnad på kr.8,- per bokstav (plotter).

Om du ønskjer å sikre deg ei Hafslo IL-dunjakke til kampanjepris, må du bestille før 31.januar 2020!

BESTILLING MÅ sendast via Hafslo IL til e-post adresse: ovemidtbo@hotmail.com INNAN FREDAG 31.JANUAR 2020.

NB: Hugs å opplyse om antal, storleik og om du ønskjer namn på rygg ved bestilling.

Om du er usikker på kva storleik du treng, er det mogleg å få prøve jakka hos Intersport Sogndal før du bestiller.

OPPMODAR ALLE MEDLEMENE VÅRE OM Å NYTTE HØVET TIL Å SIKRE SEG EI HAFSLO IL DUNJAKKE TIL EIN GOD PRIS INNAN UTGANGEN AV JANUAR 2020!

Hugs at du også kan kjøpe andre klær frå klubbkolleksjonen til Hafslo IL med 25% klubbrabatt på veil. pris hos Intersport Sogndal heile året. Oversikt over klubbkolleksjonen til Hafslo IL med oppdaterte klubbprisar for 2020 kjem snart i eit eige innlegg her på heimesida vår.