Oppdatert lov for Hafslo Idrettslag

På Idrettstinget 2019 vart det vedteke fleire endringar i Norges Idrettsforbund sitt regelverk som tok til å gjelde frå 1.januar 2020. For å sikre at alle idrettslag har ei lov som er i tråd med regelverket, vedtok Idrettstyret ei ny lovnorm for idrettslag 23.oktober 2019 som skal gjelde frå 1.januar 2020.

På styremøte i Hafslo IL den 6.januar 2020, vart det gjort vedtak om å oppdatere lova for Hafslo Idrettslag i tråd med den nye lovnorma gjeldande frå 1.januar 2020.

Den nye oppdaterte lova finn du her:

Meir informasjon om endringane i Norges Idrettsforbund sitt regelverk frå 1.januar 2020 finn du på idrettsforbundet sine sider:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/juss/diverse/nyhet—endringer-i-nifs-regelverk-fra-1.-januar-2020/

Av dei viktigaste endringane for Hafslo Idrettslag kan nemnast at det må veljast eit kontrollutval på årsmøtet i februar. Då Hafslo Idrettslag ikkje har ein årleg omsetnad på meir enn fem millionar kroner per år, er det ikkje lenger krav om revisor.

For deg som ønskjer å nytte røysteretten på årsmøtet for 2019 i februar, kan det vere verdt å merke seg regelen i § 5 nr.1 som gir generelle reglar om kven som har røysterett på årsmøtet.

Hafslo Idrettslag vil orientere medlemene om dei viktigaste endringane i den nye lova på årsmøtet for 2019 torsdag 13.februar 2020.