Hafslo IL sin klubbkolleksjon hos Intersport Sogndal

Dessverre er alle idrettsaktivitetar og fotballsesongen utsett inntil vidare på grunn av korona-viruset som har råka samfunnet vårt. Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal hadde planlagt klubbveke for Hafslo IL komande veke, men denne er utsett inntil vidare og vart derfor ikkje annonsert på grunn av situasjonen som har oppstått.

Vi håpar og trur at både idrettsaktivitetar og fotballsesongen kjem i gong etterkvart. Hos Intersport Sogndal kan du kjøpe klede frå klubbkolleksjonen vår som vanleg. I lenkja nedanfor finn du oversikt over klubbprodukta våre, inkludert medlemspris. Alle produkta vert levert med HIL-logo og sponsormerke som er inkludert i prisane.

Intersport Sogndal har for tida følgjande opningstider:

Måndag – fredag: kl. 11 – 17

Laurdag: kl. 10-16

Bestilling kan også sendast per e-post direkte til stig.nord@intersport.no

Ved oppmøte i butikklokala, oppmodar vi alle medlemene våre om å ta omsyn, halde tilstrekkeleg avstand og følgje råda frå nasjonale myndigheiter for å unngå å smitte deg sjølv eller andre.

Vi håpar at mange av medlemene våre ønskjer å sikre seg klede og utstyr frå klubbkolleksjonen vår til gode klubbprisar hos Intersport Sogndal!