Trimsesongen 2020

Hafslo IL har 25 postkassar på flotte turplassar på Hafslo og i Solvorn.
Me ser at folk er flinke koma seg ut, og me tykkjer det er flott at ein kjem seg ut på tur no i desse tider.

Me har god plass til alle i naturen vår, og mykje velgja i, men minner alle om å følgje råda frå nasjonale myndigheiter og halde avstand om ein treffast på tur i tida framover.

Dei som ynskjer vera med på Trimmian:
De må ikkje skrive dykk i bøkene for å bli registrert i desse dagar. Men hugs å noter ned på Trimskjemaet ditt når du kjem heim, at du har vore der. Informasjon om innlevering av trimskjema kjem seinare. Trimskjema i PDF og word-versjon finn du nedanfor:

Om nokon har spørsmål om Trimmian, berre ta kontakt med ein av medlemene i Trimgruppa.

God trimtur til alle små og store🌼.