Bli med på Tine Fotballskule Hafslo 2020

Avslutning av Tine Fotballskule Hafslo 2019

Fotballgruppa på Hafslo arrangerer også i år TINE Fotballskule siste veka av skuleferien! TINE Fotballskule Hafslo 2020 vert arrangert i Moane onsdag 12.august til fredag 14.august kl.10-14 kvar dag.

Tine Fotballskule samlar over 70 000 born frå heile landet til fotballfest! Meir informasjon om TINE Fotballskule finn du på www.tinefotballskole.no.

På grunn av korona-pandemien, vert gjennomføringa litt annleis i år enn tidlegare, sjå meir informasjon her: https://www.tine.no/tinefotballskole/deltaker/gjennomforing-tine-fotballskole

Vi vil sjølvsagt følgje gjeldande retningslinjer, men trur vi også i år skal klare å gjennomføre ein kjekk og triveleg fotballskule for alle deltakarane!

Fotballskulen på Hafslo er for ALLE uavhengig av ferdigheiter og funksjonsnivå, og du treng ikkje å ha spelt fotball tidlegare!

Meir informasjon om deltakaravgift, påmelding mm. finn du i lenkja nedanfor: 

Påmelding til ovemidtbo@hotmail.com eller SMS til 41375655. Hugs namn/alder ved påmelding.

PÅMELDINGSFRISTEN ER 1.AUGUST 2020.

Fotballgruppa håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo!

Årets deltakarpakke er blå TINE t-skjorte og blå TINE-sekk. I tillegg får alle deltakarar fotball og drikke og frukt kvar dag!