Sal av utgåande produkt frå klubbkolleksjonen til reduserte prisar

Styret i Hafslo IL har bestemt at vi vil gå over til nyare modellar av bukse, gensar og jakke i klubbkolleksjonen vår. Årsaka er at noverande bukse, gensar og jakke er utgåande produkt. Dei nye klubbprodukta vil kunne bestillast til kampanjepris innan utgangen av juni månad, og kan leverast i byrjinga av august. Det kjem eige innlegg med meir informasjon om dei nye klubbprodukta og korleis du kan bestille desse på heimesida vår i løpet av denne veka.

I samband med dette har vi eit restlager av bukser, jakker og t-skjorter av utgåande modellar som medlemene kan kjøpe til ekstra rimeleg pris så langt lageret rekk.

Alle produkta vert levert med riktige logoar og sponsormerke. Nedanfor finn de ei oversikt over produkta og tilgjengelege storleikar per i dag, og som kan bestillast til reduserte prisar så langt lageret rekk:

NB: Her gjeld prinsippet «førstemann til mølla». Når det er tomt for eit produkt/storleik, er det den som først har bestilt som får produktet til den reduserte prisen.

All bestilling MÅ skje via det digitale skjemaet nedanfor:

https://forms.gle/hryV9JJemSaWeoEU7

Plotter og initialar: Om nokon ønskjer initialar eller plotternamn kjem det i tillegg til kampanjeprisen. Pris for initialar/plotternamn er kr.8 per bokstav. Det er valfritt felt i bestillingsskjemaet for plotternamn/initialar.

På jakke kan de bestille fornamn eller etternamn på ryggen (ikkje initialer i front). På bukse kan de bestille initialer. På t-skjortene kan de velje fornamn eller etternamn på rygg, eller initialer på front.

Det vert sendt ut e-post til registrert e-postadresse i bestillingsskjemaet med stadfesting av bestilling, og informasjon om betaling og levering så snart som mogleg etter bestilling. Alle produkta må betalast før utlevering. Vi reknar med vi klarer å levere bestilte klubbprodukt frå restlageret i løpet av sommaren.

Styret i Hafslo IL