SENIORLAGET VANN KM-POKALEN I 6.DIVISJON 2021

Det vart ein flott KM-finale i årets 6.divisjon i Sogn og Fjordane på Hafslo stadion i ettermiddag. Stadionsjef Birger hadde sørga for ei flott grasbane for finalistane Hafslo IL og Førde 3. Begge laga var før dagens finale klare for opprykk til 5.divisjon.

Det vart som venta ein jamn kamp frå start mellom to lag som enno ikkje hadde tapt denne sesongen. Hafslo IL tok leiinga etter 21 minutt i førsteomgang, etter eit innlegg frå høgresida av Hans Petter Moe Fardal som gjekk i bue over keeper og i lengste hjørne. Berre tre minutt seinare sørga Aleksander Haugen for 2-0 til Hafslo med ei flott avslutning etter nydeleg angrepsspel.

Førde 3 kom sterkt tilbake, og reduserte først til 1-2 ved Sander Kapstad etter 30 minutt. Etter 39 minutt fekk Førde 3 straffe, og utlikna til 2-2 ved Nikolai Kvarme. Rett før pause sørga spelande trenar Johan Elverum Salveson for 3-2 til Hafslo med eit innlegg frå venstresida som nok ein gong gjekk i bue over keeper og i mål i lengste hjørne (som ved den første scoringa). Det var ein underhaldande førsteomgang der stillinga var 3-2 til Hafslo IL ved pause.

I andreomgang fekk Hafslo IL overtaket etterkvart, og auka til 4-2 ved Ole-Marius Anhanger Solberg etter 62 minutt. Bjarte Vatlestad scora eit nydeleg mål etter 84 minutt og sørga for at sluttresultatet vart 5-2 til Hafslo IL. Det vart til slutt ein velfortent siger til Hafslo IL sitt seniorlag i årets 6.divisjon.

Det var mange som møtte opp på Hafslo stadion i ettermiddag. Takk til alle som kom og støtta finalelaga og sørga for god stemning og ny tilskodarrekord sesongen 2021. Takk til dommartrioen for god dømming, og vi takkar Førde 3 for kampen og ein flott KM-finale i ettermiddag. Særskilt takk til Hafslo Røde Kors som stilte opp og sørga for god beredskap i samband med kampen.

Etter kampen fekk Hafslo IL sitt seniorlag utdelt KM-pokalen frå dommartrioen til stor jubel frå heimesupporterane, og det synlege beviset på at seniorlaget til Hafslo er krinsmeistrar i 6.divisjon Sogn og Fjordane 2021. Det betyr sjølvsagt også opprykk til 5.divisjon. Øystein Lerum vart kåra til Hafslo IL sin beste spelar av dei andre spelarane og støtteapparatet etter dagens kamp.

Imponerande sesong av seniorlaget i årets 6.divisjon Sogn og Fjordane, og vi gratulerer med ein flott prestasjon. Desse spelarane har spelt seriekampar og er velfortente krinsmeistrar for Hafslo IL i 6.divisjon Sogn og Fjordane 2021:

Bjarte Hovland, Hans-Petter Moe Fardal, Marius Sjølie Sviggum, Terje Flugheim, Øystein Lerum, Henrik Furebotn, Anders Stadheim, Ørjan Fåberg, Simon Hauge Sørensen, Henrik Salveson, Johan Elverum Salveson, Aleksander Haugen, Magnus Heggestad Skjerven, Daniel Fylling, Ole-Marius Anhanger Solberg, Bjarte Vatlestad, Jostein Mo, Stian Solberg, Eirik Urdal Cirotzki, Helge Bakkane, Styrk Andre Hofslundsengen, Arild Lunde Underdal, Trym Johnsen Longvanes, Torbjørn Ylvisåker, Torbjørn Kjørnes, Kjartan Ovrid.

Trenarar: Joar Duesund, Nils Einar Søhoel, Johan Elverum Salveson (spelande trenar) Oppmann: Ove Midtbø.

Det er også viktig å ikkje gløyme alle andre spelarane som ikkje har spelt seriekampar, men som er ein viktig del av seniorlaget og har bidrege til KM-tittelen.Det blir garantert ei velfortent feiring og avslutningsfest for Hafslo IL sitt seniorlag om ikkje lenge!

KAMPFAKTA HAFSLO – FØRDE 3 – KM-FINALE 6.DIVISJON 2021

Hafslo stadion, Moane

HAFSLO – FØRDE 3 5-2 (3-2)

1-0 21 min: Hans-Petter Moe Fardal

2-0 24 min: Aleksander Haugen

2-1 30 min: Sander Kapstad

2-2 39 min: Nikolai Kvarme (straffe)

3-2 43 min: Johan Elverum Salveson

4-2 62 min: Ole-Marius Anhanger Solberg

5-2 84 min: Bjarte Vatlestad

Dommarar: Stein Otto Førde – hovuddommar, Trym Øvregard Røhme – ass.dommar, Geir Marcus Molland – ass.dommar

Desse spelte for Hafslo IL i KM-finalen:Bjarte Hovland, Hans-Petter Moe Fardal,Marius Sjølie Sviggum,Terje Flugheim, Øystein Lerum, Henrik Furebotn, Anders Stadheim, Ørjan Fåberg, Simon Hauge Sørensen, Henrik Salveson, Johan Salveson, Aleksander Haugen, Magnus Heggestad Skjerven, Daniel Fylling, Ole-Marius Anhanger Solberg, Bjarte Vatlestad, Jostein Mo, Stian Solberg.