Haustmarknad Hafslo IL 2021

Etter eitt års fråvær på grunn av korona-pandemien, vart det endeleg høve for Hafslo IL til å arrangere den tradisjonsrike Haustmarknaden søndag 7.november i Samfunnsbygget på Hafslo.

I forkant av marknaden vart det seld lodd til hovudlotteriet. Laurdag 6.november var det stand på Spar Hafslo med sal av lodd til hovudlotteriet og eiga Barnebok i tillegg til tippekonkurransar. Søndag 7.november vart det arrangert tradisjonell marknad i Samfunnsbygget med åresal, amerikansk auksjon, tippekonkurransar, trekning av vinnarar på Barneboka og trekning av vinnarane i hovudlotteriet. Trimgruppa sørga som vanleg for utdeling av premiar til dei spreke deltakarane i trimsesongen 2021.

Gratulerer til alle som stakk av med gevinstar i hovudlotteriet, på Barneboka og tippekonkurransane. Oversikt over alle vinnarane finn de i lenkja nedanfor:

Alle vinnarane som ikkje var tilstades under trekninga i Samfunnsbygget søndag 7.november vert kontakta, og vil få overrakt premiane ved høve.

STOR takk til alle som støtta arrangementet vårt med sponsing av flotte gevinstar. Utan den flotte støtta, hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre Haustmarknaden. Her følgjer ei oversikt over alle som har støtta oss i tilfeldig rekkefølgje:

Luster Sparebank, Intersport Sogndal, NTP Avery Dennison, Sogn Skisenter, Walaker Hotel, Hillestad Traktorservice, GT Bil, Lustraporten YT Xtra, Esso Hafslo Bilsenter, Toyota Sogn, Hafslovatnet Grunneigarlag, Berge & Co, Yogahuset Sogndal, Hans Nes Bygg, Pyramiden Senter, Hafslovatnet Grunneigarlag, Eikum Hotell, Sogn Synssenter, Salong Perry, Fjordglas, Øvrebø Fargehandel, Ove Oklevik, Quality Hotell Sogndal, Spar Hafslo, Meny Sogndal, Elkjøp Sogn, Lux House, Coop Byggmix, Sogn Sparebank, Bestebakken, Pryd og Brukskunst, Bohus Sogn, Magnar Høyum, Kvam Guiding og Service, Fardal Sport, PGP AS, NVRLND, Ola Hauge, Bremerfjøsen, Sparebanken Vest, Nybø Blomster, Digital Etikett, Fargerike Sogndal,Nortura, Felleskjøpet Sogndal, Apotek 1 Sogndal, Sy og Strikkebui, Holene Transport, Brødrene Lomheim AS, Coop Extra Sjøkanten, Josvanger Elektro, Leirdal Foto, Røyrleggjarservice Ola Skophamar, Lerum, NFF Sogn og Fjordane, Circle K Sogndal, MIX Sogndal, Holen Installasjon, Biltema, Europris, Luster Tannklinikk, Kafe Krydder, Pryd og Brukskunst, Tess, Radio Luster, Vesterland Feriepark, Familien Hår og Skjønnheit, Lillys Frisør, Trixie Frisør

NB: Vi håpar vi har fått med alle bedrifter og personar som har støtta oss i oversikta. Om nokon skulle mangle håpar vi å bli kontakta slik at vi kan rette opp i dette.

Takk også til alle som har støtta Hafslo IL under årets Haustmarknad ved kjøp av lodd og ved oppmøte i Samfunnsbygget søndag 7.november.

Vi vil også takke alle særgruppene, foreldre, utøvarar og andre som har bidrege med dugnad i forkant, under og i etterkant av Hafslo IL sin Haustmarknad 2021!