Som kjent kom Regjeringa i går kveld med nye tiltak, som inneber restriksjonar for aktivitet og arrangement på grunn av ei ny smittebølge av korona. Dei nye tiltaka gjeld i utgangspunktet frå og med 15.desember og i fire veker framover. Luster Idrettsråd og idrettslaga i Luster kommune har i dag hatt dialog og innhenta råd og anbefalingar frå kommuneoverlegen, og idrettslaga er samde om at vi skal følgje dei nasjonale anbefalingane og påboda. Dette betyr at følgjande retningslinjer gjeld for organisert aktivitet i Hafslo IL frå og med 15.desember og i utgangspunktet i fire veker framover (utheva tekst nedanfor):
Alle må følgje dei grunnleggande råda om å halde seg heime ved sjukdom og praktisere god hoste- og handhygiene.
Born og unge tom ungdomskulealder, kan halde fram med innandørs aktivitet. Maks 20 personar i kvar gruppe, men kan vere fleire dersom same kohort (klasse).
For unge over ungdomsskulealder (frå og med vidaregåande) og vaksne bør all innandørs aktivitet avlysast/utsettast. Det er ikkje anbefalt å spele fotball eller handball.
Unge over ungdomsskulealder (frå og med vidaregåande) og vaksne som tilhøyrer same gruppe (dvs ikkje på tvers av ulike grupper), kan trene eller ha andre organiserte fritidsaktivitetar utandørs, men det er anbefalt å vere maks 20 personar og halde 1 meter avstand.
Utandørs kan ein vere opp til 100 personar samla på arrangement utan tilviste plassar. Men ein må halde 1 meter avstand. T.d. kan Nissemarsjar e.l. gjennomførast før jul dersom det er mogleg å halde avstand til andre utanfor eigen husstand.
Det skal vere ein som er ansvarleg for alle treningar og arrangement i regi av idrettslaget. Den ansvarlege har ansvar for å passe på at retningslinjene vert følgt og å registrere alle som er tilstades.
Lenkje til meir detaljar om dei nasjonale koronarestriksjonane for idrett, kultur og friluftsliv: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/idrett-kultur-og-frivillighet#organisert-idrett-kultur-fritid-aktivitet
Trass strenge restriksjonar når det gjeld innandørs aktivitet, vil vi oppmode alle om å kome seg ut i frisk luft, til dømes på ski eller trimturar framover. Vi har mange og gode moglegheiter for dette i nærområdet vårt. Vi oppmodar derfor til aktivitet utandørs så lenge ein passar på å halde god avstand til andre (minst 1 meter).
Vi ber alle i idrettslaget om å følgje retningslinjene ovanfor. Om nokon er usikre på om aktivitet, arrangement eller møte kan gjennomførast i tråd med retningslinjene, kan de rådføre dykk med gruppeleiarane i dei ulike gruppene de tilhøyrer eller ta kontakt med leiar i idrettslaget Ove Midtbø.
Vi håpar at vi etterkvart kjem tilbake til ein normal situasjon der vi kan gjennomføre idrettsaktivitetar, møte og arrangement utan restriksjonar. Akkurat no er det viktig at alle gjer sitt for at vi unngår spreiing av koronaviruset i større grad enn nødvendig. Vi ønskjer alle ei flott førjulstid vidare, håpar alle held seg friske og oppmodar alle om å ta godt vare på kvarandre i vekene som kjem.
Helsing styret i Hafslo IL