Medlemsfordelar hos Intersport Sogndal

Per idag har Hafslo IL 662 medlemar. Medlemsskap i Hafslo IL gir gode rabattar hos ein av sponsorane våre, Intersport Sogndal.

Vi har hatt klubbavtale med Intersport Sogndal sidan 1.januar 2019, og vi har eit godt samarbeid med Stig og resten av gjengen hos Intersport i Sogndal.

Som medlem av Hafslo IL får du følgjande rabattar hos Intersport Sogndal:

Umbro klubbkolleksjon : 25 % rabatt

Andre Umbro-varer: 20% rabatt

Mizuno/Asics løpssko: 15 % rabatt

Fotballsko (Nike, Adidas, Umbro): 20 % rabatt

Fjellsko Alfa og Mammut : 20 % rabatt

Craft tekstil (t.d.for ski og trening): 20 % rabatt

Rabattane gjeld varer i butikk, og gjeld ikkje varer der prisane allereie er sett ned.

Intersport Sogndal tilbyr også kampanjeprisar på både klubbprodukt og andre produkt på førespurnad. Ta kontakt med ein av oss i styret om de har særskilte ønskjer og behov.

No kryssar vi fingrane for at korona-pandemien snart slepp taket, og at 2022 vert året når idrettsaktivitetar kan gå sin gang som vanleg.

Vi håpar medlemene våre ønskjer å nytte seg av dei gode tilboda vi har gjennom sponsoravtala med Intersport Sogndal. Om du ønskjer å bli medlem i Hafslo IL finn du meir informasjon her:

MEDLEMSSKAP HAFSLO IL 2022

Dokumentasjon på medlemsskapen i Hafslo IL kan du laste ned/skrive ut via medlemsregisteret www.minidrett.no etter at medlemsskapen er betalt.

Om de har spørsmål, kan de ta kontakt med leiar i Hafslo IL Ove Midtbø på tlf. 41375655.