Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2022 måndag 27.februar 2023 kl.19.
Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.
Det vert vanlege årsmøtesaker. I tillegg skal det vedtakast ny anleggsplan for 2023-2026 og ny organisasjonsplan for 2023-2026. Meir informasjon om desse sakene og moglegheit for å kome med innspel kjem på heimesida vår og Facebook-sida vår framover mot årsmøtet.
Førebels saksliste og årsmeldinga for 2022 finn de i lenkjene nedanfor:
Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan måndag 13.februar 2023.
Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no .
Berre medlemer har røysterett, og du må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.
Årsmelding for 2022 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene på heimesida vår www.hafslo-il.no seinast ei veke før årsmøtet. Det kjem også meir informasjon om årsmøtet og aktuelle saker på heimesida og på Facebook-sida vår framover.
Hovudstyret i Hafslo IL