Årsmøte for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024 – oppdaterte saksdokument

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2023 torsdag 29.februar 2024 kl.19.

Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.

Det vert vanlege årsmøtesaker. Saksliste med innkomne saker og årsmelding for 2023 finn de i lenkjene nedanfor:

Saksframlegg innkomne saker per 22.02.2024:

Saksdokument til innkomne saker som skal handsamast på årsmøtet:

Sak 11a: Anleggsplan Hafslo IL 2023-2027, Protokoll ekstraordinært årsmøte 03.01.2024

Sak 11c: Organisasjonsplan Hafslo IL 2023-2026

Saksliste, saksdokument og årsmelding vert berre tilgjengeleg digitalt. Vi kjem til å trykke opp nokre papireksemplar til årsmøtet, men oppmodar alle om å ordne papirutskrift sjølve om de ønskjer det.

Berre medlemer har røysterett, og du må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.

Vel møtt til årsmøte for Hafslo IL på Eikum Hotell torsdag 29.februar 2024 kl.19!

Helsing

Hovudstyret i Hafslo IL