Fristane for påmelding av lag til fotballsesongen 2018 nærmar seg. Alle som skal vere med på fotball i Hafslo IL sesongen 2018, må melde seg på i eitt av dei elektroniske skjema de finn lenkjer til nedanfor.
Det er to påmeldingsskjema, eitt for aldersbestemt og miniputt (jenter og gutar fødde 2001-2012) og eitt skjema for senior (damer og herrer).
For å vere med på fotball i Hafslo Idrettslag må følgjande vere oppfylt:
1. Medlemsskap i Hafslo Idrettslag.
2. Betale treningsavgift til idrettslaget. Treningsavgifta er: 0-5 år: gratis, 6-10 år: kr 200, 11-14 år: kr 400, 15-19 år: kr 600, senior damer: kr 600, senior herrer: kr 1000.
3. Utføre dugnadsarbeid som: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, oppmann, loddsal, anna arbeid.
4. Jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup (23.juni – 25.juni 2018 OBS: laurdag til måndag) eller betale 1500 kr per påmeldt born for fritak for dugnad på Lerum Cup.
Påmelding gjer du ved å gå inn på ei av lenkjene til skjema nedanfor. Du kan berre melde på ein spelar om gongen, og dersom du ønskjer å melde på fleire born, må du sende inn ei påmelding per born. Utfyllinga er enkel, der du fyller inn namn på spelar, epostadresse, telefonnr.,fødselsår. NB: Det er viktig at du fyller ut kontaktinformasjon til begge føresette i skjema for aldersbestemt og miniputt!
Du må også krysse av for ja eller nei på spørsmål om det er i orden å publisere bilete av spelar på heimesida eller facebook-sida til idrettslaget.
Etter at du har fylt ut påmeldingsskjemaet, sender du dette inn elektronisk. Like etter innsending får du tilsendt stadfesting til oppgitt e-postadresse om at påmeldinga er registrert. NB: Dersom du ikkje får e-postkvittering, må du sjekke om den kan ha kome i «søppel»-innboksen.
Når idrettslaget har fått registrert påmeldinga, får du etterkvart tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.nif.no. NB: Hugs at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding! Merk også at faktura for medlemsskap og treningsavgift kan kome på ulike tidspunkt. I skrivande stund skal melding om medlemsskap allereie vere sendt ut til registrerte medlemer, slik at faktura for treningsavgift kjem seinare for dei aller fleste.
Påmeldinga er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då denne dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2018. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristane på fakturaen du får tilsendt per e-post!
Dette er den offisielle påmeldinga for fotball i Hafslo IL, og sjølv om du har meldt deg på via laget si facebook-side eller på annan måte, må alle melde seg på via eitt av påmeldingsskjemaene nedanfor!
I løpet av våren, vil alle som er påmeldt få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskjer for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2018. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2018, og som ikkje svarar på e-posten om dugnad, må betale fritak for dugnadsinnsats, eller blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov.
PÅMELDINGSFRISTAR OG LENKJE TIL SKJEMA:
Senior damer og herrer: Påmelding innan søndag 21.januar 2018 via dette skjemaet:
Påmeldingsskjema senior fotballsesongen 2018
Aldersbestemt (jenter/gutar 11-17 år): Påmelding innan søndag 28.januar 2018 via skjema nedanfor.
Miniputt (jenter/gutar 6-10 år): Påmelding innan søndag 18.februar 2018 via skjema nedanfor (same som aldersbestemt):
Påmeldingsskjema aldersbestemt og miniputt fotballsesongen 2018
Ved problem eller eventuelle spørsmål, kan du ta kontakt med leiar i Hafslo IL, Ove Midtbø, per e-post: ovemidtbo@hotmail.com eller per telefon 41375655.