Treningsavgift/ deltakaravgift sesongen 2019

I løpet av dei neste dagane, blir det sendt ut faktura for treningsavgift/deltakaravgift elektronisk via Min Idrett til alle som har meldt seg på sesongen 2019.

Faktura blir sendt til registrert e-postadresse påmelding, og det er viktig at alle betalar treningsavgifta innan fristen som er sett på fakturaen. E-posten kjem frå leiar@hafslo-il.no.

NB: Dersom det er nokon som ikkje har fått e-post om betaling av treningsavgift innan 23.april, eller ikkje får til å betale denne via Min Idrett, kan de ta kontakt med medlemsansvarleg Erna Hamrum om dette – e-post til erna.hamrum@sfj.no.

E-posten som blir sendt ut, kan havne i søppel-innboksen, så hugs å sjekke denne om du ikkje har fått e-post om treningsavgift i løpet av påskeveka.

Satsar for treningsavgift/deltakaravgift, sesongen 2019

Fødd 2014 – 2019, 0-5 år, kr 0

Fødd 2010 – 2013, 6 – 9 år, kr 250

Fødd 2005 – 2009, 10-14 år, kr 500

Fødd 2000 – 2004, 15 -19 år, kr 750

Senioridrett (utanom fotball),  kr 1000

Senior fotball herrer, kr 1500 (frå 20 år og oppover)

Meir informasjon og retningslinjene for treningsavgift/deltakaravgift i Hafslo IL finn de på heimesida vår via denne lenkja:
http://hafslo-il.no/treningsavgifter/