Skisesongen er i gong, og Langrennsgruppa i Hafslo IL arrangerte søndag 12.januar 2020 SSF Cup i Skicross på Heggmyrane. Dette var tiårets og årets første arrangement i regi av idrettslaget, og Langrennsgruppa sørga for nok eit flott arrangement.
43 deltakarar i alderen 8 til 16 år deltok i dagens skirenn, og i tillegg til Hafslo IL deltok utøvarar frå IL Bjørn, Luster IL, Sogndal IL, Kaupanger IL og Årdalstangen IL.
Jentene og gutane i alderen 11 til 16 år gjekk to runder i skicross-løypa, medan utøvarane i alderen 8 til 10 år gjekk ei runde.
Det var skikkeleg god innsats av alle utøvarane, og alle fekk saft og velfortente premiar etter målgang.
Anton Tveito frå Kaupanger IL i klasse G16år hadde raskaste rundetid med 3 minutt og 20 sekundar. Oda Sønnesyn frå IL Bjørn i klasse J16 år var den raskaste jenta med ei rundetid på 3 minutt og 42 sekundar.
Fullstendig resultatliste og deltakarliste finn du i lenkja nedanfor.
Takk til utøvarane, langrennsgruppa, foreldre og alle andre som sørga for nok eit flott langrennsarrangement på Heggmyrane med stor innsats og ekte skiglede. Takk også til Sogn Skisenter for hjelp med tilrettelegging av gode løyper trass utfordrande vertilhøve!