Saksdokument – ekstraordinært årsmøte Hafslo IL torsdag 24.september 2020 kl.20

Viser til tidlegare innkalling til ekstraordinært årsmøte i Hafslo IL torsdag 24.september 2020 på Eikum Hotell kl.20: https://hafslo-il.no/2020/09/innkalling-ekstraordinaert-arsmote-hafslo-il-torsdag-24-september-2020/

I lenkjene nedanfor finn de som tidlegare varsla oppdatert kostnadsoverslag og finansiering til sak 2 og utkast til driftsavtale med Sogn Skisenter til sak 3.

Styret i Hafslo IL er positive til at idrettslaget sender inn søknad om spelemiddelfinansiering av anlegga i tråd med gjeldande Anleggsplan for Hafslo IL 2019-2022. Per i dag har vi ikkje klart eit endeleg framlegg til vedtak. Men vi håpar å legge fram eit framlegg til vedtak for det ekstraordinære årsmøtet torsdag 24.september 2020 kl.20.

På det ekstraordinære årsmøtet torsdag 24.september 2020, vert det også lagt fram utfyllande informasjon og vidare prosess for anlegga ved Sogn Skisenter.

Eventuelle spørsmål kan rettast til leiar Ove Midtbø på telefon 41375655.

Ønskjer alle medlemene velkomne til ekstraordinært årsmøte for Hafslo IL på Eikum Hotell torsdag 24.september kl.20.

Styret Hafslo IL