Som tidlegare annonsert vert det årsmøte for Hafslo IL torsdag 11.mars kl.19. Årsmøtet er planlagt avvikla på Eikum Hotell. På grunn av korona-situasjonen gjeld det retningslinjer for gjennomføring av slike møte, og styret skal diskutere retningslinjer for gjennomføring av årsmøtet på styremøte i morgon kveld.
Informasjon om korleis årsmøtet skal gjennomførast, oppdatert saksliste og saksdokument vert publisert på heimesida vår og Facebook-sida vår innan torsdag 4.mars.
Årsmeldinga for 2020 er no klar, og denne finn de i lenkja nedanfor:
I år vert årsmeldinga og øvrige saksdokument berre gjort tilgjengelege digitalt.
Styret i Hafslo IL