Årsmøte for Hafslo IL 11.mars 2021 – påmelding innan 9.mars

Styret har vore i kontakt med Eikum Hotell, og bestemte på styremøte i går kveld at årsmøtet vert gjennomført som planlagt torsdag 11.mars kl.19. På grunn av korona-pandemien og nasjonale retningslinjer er det avgrensa kor mange som kan delta, og alle som ønskjer å delta melde seg på innan 9.mars.  

Du melder deg på ved å sende ein SMS (melding) med namn til sekretær i styret Kari Merete Henjum per tlf. 95861744 innan tysdag 9.mars. Dersom vi når grensa for tal deltakarar som kan vere tilstades, vert påmeldinga stengt.

Alle som deltek må følgje dei grunnleggjande smittevernreglane:

– Er du sjuk eller har du symptom på sjukdom, må du halde deg heime

– Hald minst 1 meter avstand til andre

-God handhygiene. Spritvask er tilgjengeleg på Eikum Hotell når du kjem

-Host og nys i papirlommetørkle, eller i albukroken om du ikkje har lommetørkle

– Du må sitte på same stad under heile møtet

Vi kjem også til å informere om smittevernreglane og gje praktisk informasjon ved oppmøte og undervegs på årsmøtet 11.mars.

Det blir lagt til rette for enkel matservering som vanleg i tråd med smittevernreglane.

Styret tek atterhald om at det kan skje endringar i smittesituasjonen fram til årsmøtet, men slik situasjonen er no satsar vi på å få gjennomført årsmøtet som planlagt. Eventuelle endringar vert annonsert på heimesida og Facebook-sida vår.

Oppdatert saksliste vert lagt ut på heimesida vår og på Facebook-sida vår innan torsdag 4.mars. Årsmeldinga for 2020 finn du her.

Eventuelle spørsmål kan rettast til leiar Ove Midtbø på tlf. 41375655 eller per e-post: ovemidtbo@hotmail.com.

Styret ønskjer medlemene våre velkomne til årsmøte for Hafslo IL for 2020 på Eikum Hotell torsdag 11.mars 2021 kl.19.