Årsmøte Hafslo IL for 2020 – torsdag 11.mars 2021 kl.19 – oppdatert saksliste og dokument

No er det ei veke att til årsmøtet for Hafslo IL for 2020. Som tidlegare annonsert, vert dette gjennomført som vanleg på Eikum Hotell torsdag 11.mars kl.19. NB: Minner om at det er påmelding til årsmøtet på grunn av korona-pandemien innan 9.mars, og meir informasjon om påmelding finn de her.

Det er ei sak som er komen inn og som skal handsamast i tillegg til dei ordinære årsmøtesakene. Det gjeld oppdatering anleggsplan for 2019-2022. Bakgrunnen for at styret ønskjer å oppdatere anleggsplanen, er at det har skjedd ein del endringar sidan den opprinnelege anleggsplanen vart vedteken 07.02.2019, og styret ønskjer å få oppdatert denne.

Styret sitt framlegg til ny anleggsplan vert gjennomgått på årsmøtet. Det er viktig å presisere at det berre er oppdateringar som skal takast stilling til på årsmøtet. Det kjem derfor ikkje til å bli opna for diskusjonar om endring av prioriteringar og eventuelle nye anlegg. Oppdatert saksliste, og utkast til oppdatert anleggsplan for 2019-2022 finn de nedanfor.

Saksliste årsmøte Hafslo IL 11.03.2021:

Oppdatert anleggsplan Hafslo IL 2019-2022:

Rekneskapen for 2020 er under revisjon, og vi arbeider med budsjett 2021. Så snart desse dokumenta er klare, satsar vi på å få lagt ut på heimesida vår før årsmøtet. Dokumenta vert uansett lagt fram for godkjenning på årsmøtet 11.mars 2021.

NB: Vi gjer merksam på at årsmelding for 2020 og øvrige saksdokument berre vert gjort tilgjengeleg digitalt i år. Det betyr at papirkopi ikkje vert gjort tilgjengeleg på årsmøtet. Om nokon ønskjer papirkopi, kan de sende ein e-post til leiar@hafslo-il.no, så ordnar vi det.

Vi ønskjer alle medlemene våre velkomne på årsmøtet neste torsdag. Vi minner igjen om påmeldingsfrist til årsmøtet innan tysdag 9.mars (sjå ovanfor). Vi gjer også merksam på at det berre er medlemer av idrettslaget som har røysterett.

Styret i Hafslo IL