Årsmøte Hafslo IL for 2020

Årsmøtet for Hafslo IL for 2020 vart arrangert på Eikum Hotell torsdag 11.mars 2021. På grunn av korona-situasjonen var det påmelding i forkant. Styret vil takke alle dei 20 medlemene som møtte og stor takk også til Eikum Hotell som sørga for god og trygg tilrettelegging og gjennomføring i tråd med smittevernreglane.

Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker, og godkjende oppdatert anleggsplan for 2019-2022. Nedanfor finn de lenkjer til endeleg årsmelding, årsrekneskap, oppdatert anleggsplan 2019-2022 og protokoll frå årsmøtet.

Årsmelding 2020, årsrekneskap 2020, oppdatert anleggsplan 2019-2022, protokoll årsmøte 11.03.2021.

Innsatskrus og andre utmerkingar

Det er mange som bidreg og legg ned ein stor innsats for idrettslaget gjennom året, og alle fortener ein stor takk for dette. Takk til alle som har bidrege!

På årsmøtet fekk desse innsatskrus og merksemd for innsatsen for Hafslo Idrettslag:

Fotballgruppa: Vegard Lie (innsatskrus), Geir Arne Kvam (innsatskrus), Vivian Kvam (innsatskrus), Nils Einar Søhoel (innsatskrus) Joar Duesund (innsatskrus), Kai Inge Cirotzki (innsatskrus, blomar og gåvekort) og Norill Terese Norheim (blomar og HIL-gensar)

Hoppgruppa: Per Birger Lomheim (innsatskrus og blomar), Jon Ove Lomheim (innsatskrus), Vegard Lie (innsatskrus), Geir Afdal (innsatskrus), Ove Fredheim (innsatskrus), Ole Johnny Sie (innsatskrus)

Langrennsgruppa: Trond Sekse (innsatskrus og blomar)

Alpingruppa: Runar Tørvi (innsatskrus og blomar), Adrianne Kvam (innsatskrus), Hans Olav Hellesøe (innsatskrus), Jørgen Berg (innsatskrus)

Trimgruppa: Tomas Kjørlaug (innsatskrus), Audhild Moe (innsatskrus)

Barneidrettsgruppa: Anne Grete Lomheim (innsatskrus og blomar), Janniche Fossøy (innsatskrus), Ann-Helen Liljedal (innsatskrus)

Hovudstyret: Ove Midtbø (supportar t-skjorte og Trimmian-sokkar)

Supportarpris: Hans Olav Hellesøe – supportar t-skjorte

Påske-egg: Terje Kalhagen og Per Ivar Lomheim

Dei som ikkje var tilstades, har fått utdelt innsatskrus og anna merksemd etter årsmøtet.

Styret vil takke alle sponsorane våre, medlemene, tillitsvalde, utøvarar, trenarar og alle andre som har vore aktive og støtta Hafslo Idrettslag i 2020. Vi ser fram til eit nytt flott og aktivt år for idrettslaget i 2021!

Hovudstyret i Hafslo IL