Klubbveke hos Intersport Sogndal 18.-22.mai 2021

Fotballsesongen 2021 er komen i gong, og denne veka (tysdag 18.mai til laurdag 22.mai ) er det klubbveke hos klubbsponsoren vår Intersport Sogndal med gode tilbod for medlemer i Hafslo IL på klubb-kolleksjon, fotballsko mm.

Medlemer i Hafslo IL får 30% rabatt av veil. pris på klubbkolleksjonen i løpet av klubbveka (vanlegvis får medlemene 25% rabatt). Oversikt over produkt i klubbkolleksjonen til Hafslo IL finn de i lenkja nedanfor.

https://hafslo-il.no/wp-content/uploads/2020/07/Klubbkolleksjon-Hafslo-IL-2020-Intersport-Sogndal.jpg

NB: Merk at prisane i oversikta over klubbkolleksjonen er frå 2020, slik at desse kan vere noko justerte.

Alle produkta frå klubbkolleksjonen vert levert med klubblogo og sponsormerke.

NB: Eventuelle namn/initialar på klubbprodukta må bestillast via Hafslo IL, og kostar kr.8 per bokstav. Bestilling av namn/initialar sendast per e-post til ovemidtbo@hotmail.com. Trykking av namn/initialar vert avtalt når merka er levert.

I tillegg til ekstra gode prisar på klubbkolleksjonen vår, er det også mange fleire gode tilbod til medlemene våre hos Intersport Sogndal i neste veke:

Vi håpar at medlemene våre nyttar høvet å sikre seg klede frå klubbkolleksjonen og eventuelt anna utstyr til ekstra gode prisar hos Intersport Sogndal under klubbveka i neste veke.

NB: Hugs å ta med kvittering for betalt medlemsskap i Hafslo IL for 2020. Kvittering for medlemsskap kan de hente frå profilen i medlemsregisteret via www.minidrett.no.