Det har etterkvart vorte ein flott tradisjon siste veka før skulestart, og for 14.året på rad har det frå tysdag til torsdag denne veka vore arrangert Tine Fotballskule i Moane på Hafslo.
Heile 82 jenter og gutar i alderen 6 til 12 år frå Hafslo, Gaupne, Veitastrond og Solvorn deltok på årets fotballskule. I tillegg var det 15 ungdomar og fire vaksne som hjalp til som instruktørar i løpet av fotballskulen. Vi fekk også god hjelp av foreldre/besteforeldre som var tilstades på sidelinja undervegs.
Alle deltakarane fekk som vanleg TINE ryggsekk, TINE t-skjorte og eigen fotball. Og som alltid var det stor stas å få TINE sjokolademelk og TINE juice til lunsj kvar dag. Det vart også servert frukt til deltakarane dei to første dagane, og stor takk til dei vaksne og foreldra som ordna dette!
Også i år spelte værgudane på lag med fotballskulen, og sørga for flott vær alle tre dagane. Dette gjorde det enklare å organisere og gjennomføre arrangementet i tråd med retningslinjene frå TINE Fotballskule/Norges Fotballforbund grunna korona-situasjonen. Som i fjor vart deltakarane delt inn i faste grupper med faste oppmøtestadar ute kvar dag. Alle gruppene hadde i tillegg sitt eige utstyr alle tre dagane, og det vart lagt til rette for handvask/handdesinfeksjon i dei ulike gruppene. I tillegg var det ekstra fokus på reingjering av toalett og opphaldsrom i klubbhuset både før, under og etter fotballskulen.
Sjølv om det var litt færre instruktørar enn ønskjeleg og behov for ein del tilpassingar av arrangementet grunna korona-situasjonen, la ikkje det noko dempar på innsatsen og humøret til årets deltakarar. Det var godt humør og stor fotballglede frå start til slutt, og imponerande innsats av alle.
På avslutningsdagen fekk fotballskulen besøk av Hildegunn Hove frå NFF Sogn og Fjordane, og det var stor stas når Tine Fotballskule på Hafslo fekk utdelt premie og merksemd for å ha vorte kåra til den beste fotballskulen i Sogn og Fjordane i 2020. Tusen takk til kretsen og Hildegunn for flotte ord, og for dei flotte premiane. Dette var veldig kjekt, og gir motivasjon for å halde fram med fotballskule på Hafslo også dei komande åra.
Fotballskulen vart avslutta med servering av hamburger og pølser og utdeling av velfortent diplom til alle deltakarane. Stor takk til Erna og Kjetil som tok seg av grillinga og matserveringa.
Nok ein flott Tine Fotballskule er gjennomført i Moane på Hafslo. Vi vil særskilt takke alle ungdomane og vaksne som stilte opp som instruktørar, og som gjorde ein super innsats. Hadde det ikkje vore for dei supre ungdomane, hadde vi ikkje klart å arrangere fotballskule på Hafslo.
Stor takk til SPAR Hafslo for all hjelp med mottak, oppbevaring og utlevering av melkeprodukt og juice frå TINE.
Stor takk også til stadionsjef Birger for klargjering av flotte grasbaner i Moane til årets fotballskule. Det var flotte forhold i fjor, men det var minst like gode speleforhold i år.
Til slutt vil vi takke alle deltakarane, foreldra og alle andre som har bidrege i samband med årets fotballskule.
Vi ønskjer alle deltakarane på årets fotballskule lukke til med skulestart på måndag, og håpar vi ser dykk att på fotballskulen neste år.