Då er vi i gong med eit nytt år, og sjølv om korona-pandemien framleis set nokre begrensningar for utøving av aktivitet ved inngangen til 2022, håpar vi likevel at situasjonen betrar seg og at vi etterkvart kan tilby stor og variert aktivitet utan for mange restriksjonar. Hafslo Idrettslag vil gjere sitt beste for å leggje til rette for aktivitet for alle medlemene våre i tråd med gjeldande anbefalingar og retningslinjer. Følg med her på heimesida og Facebook-sida vår for oppstart av treningar og aktivitetar i regi av idrettslaget framover.
Alle som skal vere med på aktivitetar sesongen 2022 må melde seg på i eitt av dei elektroniske skjemaene de finn lenkjer til nedanfor. Det er tre ulike påmeldingsskjema:
1:Fotball aldersbestemt og miniputt sesongen 2022 (jenter og gutar fødde 2004 – 2016) – påmeldingsfrist 20.januar 2022.
2: Fotball senior sesongen 2022 (damer og herrer) – påmeldingsfrist 12.januar 2022.
3: Annan idrettsaktivitet sesongen 2022 (langrenn, alpint, freeski, skihopp, barneidrett 6-12 år, småbarnstrim 0-5 år, håndball, Idrett for Alle, basistrening) – ikkje påmeldingsfrist, men vi ber om at alle melder seg på etterkvart som aktivitet startar opp.
Det er mogleg å melde seg på i fleire skjema/aktivitetar, og vi ber om at alle melder seg på alle aktivitetar dei er med på. Ved deltaking på fleire aktivitetar, treng ein uansett å betale berre ei treningsavgift.
For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må følgjande vera oppfylt:
1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag (kr.300 for einskildmedlem/kr.750 for familiemedlemsskap).Lenkje til informasjon om medlemsskap i Hafslo IL. Medlemsskap er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er også grunnlag for ulike støtteordningar og offentlege tilskot.
2. Betale trenings-/deltakaravgift til idrettslaget, jf. informasjon og satsar på heimesida: Treningsavgift 2022. Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for Hafslo Idrettslag.
3. Utføre dugnadsarbeid som t.d: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, leiar av særgruppe, anna arbeid. Enkelte særgrupper har ulike dugnader i tillegg. Dugnadsskjema vert sendt ut i eigen e-post seinare.
4. Gjeld berre fotball: Jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup 2022 (24.-26. juni) eller betale 1 500 kr per påmeldt born/seniorspelar for fritak for dugnad på Lerum Cup 2022. Dersom Lerum Cup ikkje har aktivitet på Hafslo i 2022, vil det bli sett opp andre dugnadsval. Eige skriv om dette blir sendt ut seinare.
NB! Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der born og unge kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar.
Det er viktig at alle som deltek i idrettsaktivitetar i Hafslo IL melder seg på dei ulike aktivitetane i skjemaene ovanfor, slik at vi får registrert medlemsskap med tanke på forsikringsdekning mm.
Når idrettslaget har registrert påmelding til ein eller fleire aktivitetar, får du etterkvart tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.no. Faktura for medlemsskap og treningsavgift kjem i ulike e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!
Særskilt for fotball: Påmeldinga for fotballsesongen er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då desse dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2022. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristane på faktura som vert tilsendt per e-post via minidrett.no etter påmelding.
I løpet av våren, vil alle som er påmeldt fotballsesongen 2022 få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskje for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2022. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2022, og som ikkje svarar på tilsende e-postar om dugnad, må betale fritak for dugnadsinnsats, eller blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov.
Ved eventuelle spørsmål kan de kontakte medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com el. tlf. 99 39 56 32 eller leiar Ove Midtbø, e-post ovemidtbo@hotmail.com el. tlf. 41 37 56 55.
Styret i Hafslo IL