Sogndal IL har arrangert eit orienteringsløp på Mollandsmarki i juni. Postane etter løpet ligg framleis ute, slik at dei som vil kan bruke dei i løpet av sommaren. I alt ligg det fire løyper ute, av ulik lengde og vanskelegheitsgrad. Lenkje til pdf-filer med kart over løypene finn du nedanfor. De kan parkere på Krossen, då løypene startar like i nærleiken. God tur!
Vi håpar mange nyttar høvet til å teste flotte orienteringsløyper i fantastisk natur i sommar!