Sjølv om korona-pandemien set nokre begrensningar for oppstart av treningar og aktivitetar, er vi glade for at dei ulike gruppene er ivrege etter å kome i gong med aktivitet i tråd med gjeldande anbefalingar og retningslinjer så snart som mogleg. Det er mellom anna flotte forhold ved Sogn Skisenter, og vi er glade for at Alpingruppa ønskjer å kome i gong med treningar denne veka. I tillegg er det fleire aldersbestemte lag som også startar opp innandørs fotballtrening i gymsalen denne veka. Etterkvart kjem det også til å bli oppstart av andre aktivitetar, og vi kjem til å legge ut oppdatert informasjon om aktivitetar på heimesida vår, og her på Facebook-sida vår i dagane og vekene som kjem.
Dette er førebels oversikt over oppstart av aktivitetar i veke 1 – 3.-9.januar 2022:
ONSDAG 5.JANUAR: kl.1730-19: Fotball G12/G13 (f. 2009/2010) i gymsalen
ONSDAG 5.JANUAR: kl. 18-20: Alpint/freeski ved Sogn Skisenter
TORSDAG 6.JANUAR: kl. 18-1930: Fotball J15 (f.2007) i gymsalen
TORSDAG 6.JANUAR: kl.1930-2030: Håndball i gymsalen
SØNDAG 9.JANUAR: kl.18-1930: Fotball G12/G13 (f.2009/2010) i gymsalen
Vi veit også at andre grupper og aktivitetar kjem i gong etterkvart, mellom anna skicup i regi av Barneidrettsgruppa, skihopp og fleire innandørs treningar for aldersbestemte lag. Følg med på heimesida og Facebook-sida vår for oppdateringar i dagane som kjem for informasjon om oppstart.
Minner om at alle som deltek i aktivitetar i Hafslo IL må vere medlemer av idrettslaget, og vi ønskjer også at alle melder seg på dei ulike aktivitetane. Informasjon om medlemskap og påmelding til ulike aktivitetar finn de på heimesida vår:
MEDLEMSSKAP 2022: https://hafslo-il.no/2022/01/medlemsskap-hafslo-il-2022/
PÅMELDING 2022: https://hafslo-il.no/2022/01/pamelding-til-aktivitetar-i-regi-av-hafslo-il-sesongen-2022/
Gjeldande retningslinjer for aktivitet i regi av Hafslo IL inntil vidare finn de her: https://hafslo-il.no/2021/12/nye-koronatiltak-retningslinjer-for-aktivitet-i-hafslo-il-fra-15-desember-2021/
Vi veit det er mange born, unge og vaksne som er ivrege etter å kome i gong med aktivitet, både innandørs og utandørs. Men vi ber alle om å vere tolmodige og vente på klarsignal til å kome i gong. I denne samanheng vil vi minne om at det er mange moglegheiter for å halde seg aktive på eiga hand utandørs så lenge ein held minst ein meter avstand til andre. Til dømes har Trimgruppa vår lagt til rette for mange turmoglegheiter i nærområdet, og kanskje det kan vere eit alternativ å bli med på Trimsesongen 2022? Meir informasjon finn de her: https://hafslo-il.no/2021/10/klart-for-ny-trimsesong/