Klart for ny trimsesong

Trimsesongen 2021 er no avslutta, og det har vore mange spreke trimmarar på Hafslo også i år. Vi takkar alle som har delteke, og Trimgruppa vil markere dette på tradisjonelt vis under årets Haustmarknad søndag 7.november!

Det betyr at ny trimsesong er i gong, og i lenkja nedanfor finn de skjema for trimbøkene sesongen 2022 i både PDF og Word-format med vegforklaring og informasjon om betaling med meir. Trimskjema for 2022 ligg også tilgjengeleg i Luster Sparebank sin filial på Hafslo.

Georeg: Det er no lagt til rette for at du kan ta i bruk ein app kalla GEOREG for registrering av dine turar som alternativ til å skriva i turtrim-bøkene. Alle trimian postane er tilgjengelege frå appen. Appen kan lastast ned via Google Play, App Store eller tilsvarande. Turtrim-bøkene vil framleis vere tilgjengeleg, men vi oppfordrar til bruk av appen! Bruksanvisning for appen finn de her.

Hafslo har mange flotte turmoglegheiter i nærmiljøet vårt, så vi håpar mange blir med på komande trimsesong!