Aktivitetsleiar-kurs på Hafslo 16.-17.mars 2018

16.-17. mars heldt kurslærar Stine-Marie Jonstad i idrettskrinsen kurs for 17 engasjerte deltakarar frå heile fylket på Hafslo barne- og ungdomsskule. Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Meir om kurset kan de lese her. Kurset Les vidare Aktivitetsleiar-kurs på Hafslo 16.-17.mars 2018

Hafslovatnet Rundt 2018 blir arrangert på Heggmyrane ved Sogn Skisenter søndag 25.mars 2018

Palmesøndag 25. mars inviterar Hafslo IL til det 53. Hafslovatnet Rundt. NB: RENNET BLIR AVVIKLA PÅ HEGGMYRANE VED SOGN SKISENTER. Hafslovatnet er IKKJE lenger eit aktuelt alternativ, då forholda er vorte ueigna pga mildveret dei siste dagane. Det vert også arrangert distanserenn for klasse J/G 13-16 år, og sonerenn for 12 Les vidare Hafslovatnet Rundt 2018 blir arrangert på Heggmyrane ved Sogn Skisenter søndag 25.mars 2018

Skicupen avslutta eventyrleg sesong onsdag 21.mars 2018

Årets skicup i regi av Barneidrettsgruppa, Langrennsgruppa, Hoppgruppa og Alpingruppa hadde avslutning på Heggmyrane onsdag 21.mars 2018. Det har vore strålande forhold og imponerande deltaking på årets skicup. Heile 125 born fekk flotte premiar under avslutninga i kafeen på Sogn Skisenter. Alle fekk Telenor-premie, og ekstra premie til alle som Les vidare Skicupen avslutta eventyrleg sesong onsdag 21.mars 2018

Flott langrennsavslutning på Heggmyrane

Langrennsgruppa avslutta ein strålande skisesong med trening og avslutning på Heggmyrane i kveld. 29 born deltok på avslutninga, som vart markert med pølser, vafler og saft i kafeen på Sogn Skisenter. I tillegg fekk alle dei 29 skistjernene velfortent premie for strålande innsats på treningsøkta i kveld, og gjennom heile Les vidare Flott langrennsavslutning på Heggmyrane

Heggmyri Rett Ned laurdag 17.mars 2018

Heggmyri Rett Ned 2018 vart arrangert i strålande vær laurdag 17.mars på Sogn Skisenter. 105 deltakarar deltok på årets fartsfest på Heggmyrane. Deltakarane, arrangørane og alle andre storkoste seg under årets arrangement som nok ein gong vart ein suksess.       Med vergudane på laget, var det både grilling, påskestemning Les vidare Heggmyri Rett Ned laurdag 17.mars 2018