SFE-Cup hopp i Kvamsbakkane laurdag 13.januar 2018

   Det blir SFE-Cup hopp  i Kvamsbakkane på Hafslo laurdag 13.januar 2018 kl.12. Rekruttcup-renn i bakkestorleik frå 5 meter og oppover til 58 meter. Kun lengdemåling. Deltakarar treng ikkje hoppski, men arrangør har hoppski til utlån for dei som ønskjer det. Bakkane er opne for trening frå kl.11.00. Påmelding/registrering ved oppmøte Les vidare SFE-Cup hopp i Kvamsbakkane laurdag 13.januar 2018

God Jul og Godt Nyttår!

Vi nærmar oss slutten av 2017, og Hafslo Idrettslag kan nok ein gong sjå tilbake på eit flott og aktivt år. I skrivande stund har idrettslaget 675  registrerte medlemer, der 320 av desse  er jenter og gutar under 19 år. Vi har stor breidde når det gjeld aktivitetar, og har aktive grupper innan fotball, trim, langrenn, alpint, hopp, orientering og  barneidrett. I tillegg har vi fleire grupper og nemnder som gjer ein svært viktig og flott innsats for at vi kan oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå. Dette gjeld mellom anna foreldrelaget for aldersfastlagt fotball, Lerum Cup-nemnda, marknadsnemnda, stadionstyret mm. Gruppeleiarane og styra i dei ulike særgruppene og nemndene gjer ein fantastisk innsats med å organisere og leggje til rette for at medlemene, og særleg for at Les vidare God Jul og Godt Nyttår!

Idrettskrinsen på klubbesøk til Hafslo IL

Hafslo IL var så heldige å få besøk av Ingrid Narum frå Sogn og Fjordane idrettskrins i samband med utvida styremøte måndag 23.oktober. Styret og gruppeleiarane fekk ein flott gjennomgang av korleis idrettskrinsen jobbar og ikkje minst kva dei kan tilby av støtte og verktøy for idrettslaga rundt om i fylket. Les vidare Idrettskrinsen på klubbesøk til Hafslo IL

Haustprogrammet for Barneidretten 2017

I lenkjene nedanfor finn de haustprogrammet for Barneidretten 2017. For born i alderen 0-5 år er det frie aktivitetar i gymsalen på tysdagar ut november frå kl.17-1745. For born i alderen 6-10 år er det aktivitetar i gymsalen måndagar og onsdagar frå 23.oktober til 27.november. Onsdag 29.november er det avslutning Les vidare Haustprogrammet for Barneidretten 2017