Trimskjema 2017

Her er trimskjema for sesongen 2017. Litt nye postar, og nokon gamle er vekke. Hugs innlevering av 2016 trim innan 20.oktober. God tur frå Trimgruppa. Trimskjema 2017.pdf

Kamp- og treningstider på kunstgrasbana og Hafslo stadion veke 36

I lenkja nedanfor finn de ei oversikt over kamp- og treningstider på kunstgrasbana og på Hafslo stadion i Moane i veke 36. Lag som ikkje er med i oversikta har fått treningstider på treningsfeltet til Sogndal. Oppmenn/trenarar for har fått tilsendt denne oversikta per e-post. Kamp og treningstider – Moane Les vidare Kamp- og treningstider på kunstgrasbana og Hafslo stadion veke 36

Miniputt-turnering på Hafslo søndag 28.august

Søndag 28.august er det klart for ny Kongleriket miniputt-turnering i Moane på Hafslo. Det er påmeldt 79 lag frå klubbane Hafslo, Sogndal, Kaupanger, Bjørn, Norane og Luster. Det betyr at nærare 500 spelarar i alderen 6-10 år skal i aksjon på søndag, og det skal avviklast 154 flotte fotballkampar mellom kl.10 og 1430 Les vidare Miniputt-turnering på Hafslo søndag 28.august

Miniputt-turnering på Hafslo søndag 28.august

Søndag 28.august skal det vere miniputt-turnering i Moane på Hafslo. Om lag 500 spelarar frå Hafslo, Sogndal, Bjørn, Kaupanger, Luster og Norane skal spele kampar i Moane denne søndagen. Det betyr at alle miniputt-foreldre må hjelpe til under arrangementet, og no er det sendt ut dugnadsliste til alle oppmenn/lagleiarar for miniputt-laga våre. Les vidare Miniputt-turnering på Hafslo søndag 28.august

Flotte venskapskampar på kunstgrasbana på Hafslo laurdag 9.juli

  Trenar Olav Gudbrand frå Lom IL G11 tok kontakt med Hafslo G11 tidlegare i sesongen, og lurte på om Hafslo G11 ville spele treningskamp mot Lom G11 laurdag 9.juli. Lom G11 skulle vere ballgutar på eliteseriekampen mellom Sogndal-Molde seinare på kvelden. Lom G11 og Hafslo G11 har hatt kontakt Les vidare Flotte venskapskampar på kunstgrasbana på Hafslo laurdag 9.juli