Årsmøte Hafslo Idrettslag torsdag 7.februar 2019

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2018 torsdag 7.februar 2019 kl.19.30. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell. Vanlege årsmøtesaker. Saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet, må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 24.januar 2019. Årsmelding for 2018 Les vidare Årsmøte Hafslo Idrettslag torsdag 7.februar 2019

Ny samarbeidsavtale med Intersport Sogndal frå 1.januar 2019

  Hafslo IL har dei siste fire åra hatt samarbeidsavtale med Sport 1 Sportsbui, og vi har hatt eit godt samarbeid. Ettersom denne avtala gjekk ut ved årsskiftet, bestemte hovudstyret å sette i gong ein prosess hausten 2018, der vi innhenta tilbod frå både Sport 1 Sportsbui og Intersport Sogndal Les vidare Ny samarbeidsavtale med Intersport Sogndal frå 1.januar 2019

Takk til alle som støtta oss under Haustmarknaden 2018!

   Årets Haustmarknad vart arrangert førre helg (3. og 4.november), og takka vere gode sponsorar og andre støttespelarar kunne idrettslaget tilby flotte gevinstar under arrangementet på Hafslo Samfunnshus førre søndag. Vi set stor pris på alle som støtta oss i samband med marknadshelga, og som gjer at vi sit att Les vidare Takk til alle som støtta oss under Haustmarknaden 2018!

Haustprogram Barneidretten etter haustferien 2018

I lenkja nedanfor finn de haustprogrammet for Barneidretten fram til 28.november. Programmet gir ei oversikt over organiserte aktivitetar HIL har for barn mellom 6 og 11 år. Haustprogram 2018 termin 2   For born i alderen 0-5 år er det småbarnstrim i gymsalen kl.1700-1800 kvar tysdag. NB: Følg med på Les vidare Haustprogram Barneidretten etter haustferien 2018