Loppecup på Hafslo laurdag 25.mars 2017

     7.klasse ved Hafslo Barne- og ungdomsskule inviterer til Fotballturnering, Kafê og Loppemarknad i Samfunnsbygget på Hafslo laurdag 25.mars kl.10-15. Fotballturneringa er for 1. -6.klasse. Alle er velkomne til å delta sjølv om ein ikkje spelar fotball til vanleg. Spelaravgift på kr.50 som betalast ved inngangen. Påmelding til Tommy/Nina Les vidare Loppecup på Hafslo laurdag 25.mars 2017

Mange Hafslo-jenter til sluttspelet i KM Futsal Innandørs

Etter ei stor fotballhelg i Sogn med innleiande runder i KM Futsal Innandørs førre helg, klarte tre av jentelaga frå Hafslo, inkludert Hafslo/Bjørn J15, å kvalifisere seg til sluttspelet på Sandane første helga i mars! Vi gratulerer Hafslo J13, Hafslo J14 (biletet over) og Hafslo/Bjørn J15 som gjekk vidare, og Les vidare Mange Hafslo-jenter til sluttspelet i KM Futsal Innandørs

Hafslo-jenter har sparka godt frå seg i KM Futsal Innandørs 2017

Etter første dag av KM Futsal Innandørs, er det Hafslo-jentene som har stått for dei største prestasjonane. Hafslo J13 stilte med to lag i Vik. Der gjekk Hafslo J13 1 til finalen, der dei vann 3-0 mot Kaupanger 1! Det betyr KM-sluttspel på Sandane første helga i mars! Vi gratulerer! Les vidare Hafslo-jenter har sparka godt frå seg i KM Futsal Innandørs 2017

Samarbeid mellom Hafslo IL og IL Bjørn om jentelag sesongen 2017

Etter sesongslutt 2016, tok leiar i Fotballgruppa i IL Bjørn kontakt med leiar i Fotballgruppa i Hafslo IL, om samarbeid om jentelag i fotballsesongen 2017. Fotballgruppene oppretta deretter ein dialog, og gjennomførte ei kartlegging i begge klubbane om kor mange jentespelarar som var aktuelle for eit samarbeidslag. På leiarmøtet i regi Les vidare Samarbeid mellom Hafslo IL og IL Bjørn om jentelag sesongen 2017

Romjulscupen blir avlyst

På grunn av få påmeldte innan fristen som gjekk ut i går, er det bestemt at den planlagde Romjulscupen fredag 30.desember 2016 dessverre må avlysast. Alle som har meldt seg på, vil få eiga melding om dette.