Hoppskule på skisenteret

For vinteren 2016 så samarbeider HIL si hoppgruppe med skisenteret om tilrettelegging av mindre hoppbakkar på Heggmyrane med muleg instruksjonshjelp i samband med «onsdagscup» (langrenn) og anna trening. «Minihoppbakkane» er tilrettelagt for bruk av langrennsski og dei er plassert ved servicebygget (kafeen) på vestsida eller ved barneskitrekket (delvis begge stader). Les vidare Hoppskule på skisenteret

Langrennstreningar

Langrennstreningar på Heggmyrane tysdagar og torsdagar kl. 18.00-19.30, for årskull 2005 og eldre.  Skøyting tysdagar og klassisk torsdagar. For årskull 2006-2009 vert det trening tysdagar kl. 18.00-19.30. Det vert skileik og varierte langrennsaktivitetar. Tilhøva i sprintløypa og 3km er pr. 12.01.2016 gode, det er køyrt på bra med kunstsnø 🙂 Møt opp Les vidare Langrennstreningar

Romjulscup Hafslo 2015

I samarbeid med Fotballgruppa på Hafslo arrangerer 8.klasse på Hafslo Barne- og ungdomsskule den etterkvart så tradisjonsrike Romjulscupen i fotball onsdag 30.desember 2015 frå kl.12 i Samfunnsbygget på Hafslo. Det blir mykje fotballaktivitet og enkelt kiosksal. Turneringa er for jenter og gutar født 2010-2009-2008-2007-2006-2005-2004-2003 (til og med 7.klasse). Deltakaravgift kr.50 Les vidare Romjulscup Hafslo 2015