Klubbveke hos Intersport Sogndal – Kick Off Fotballsesongen 2020

Fotballsesongen 2020 er endeleg i gong, og i neste veke (måndag 24 august til laurdag 29.august) er det klubbveke hos klubbsponsoren vår Intersport Sogndal med gode tilbod for medlemer i Hafslo IL på klubb-kolleksjon, fotballsko mm. Medlemer i Hafslo IL får 30% rabatt av veil. pris på klubbkolleksjonen i løpet Les vidare Klubbveke hos Intersport Sogndal – Kick Off Fotballsesongen 2020

Kampanjepris på Hafslo IL – hettegensar

Hafslo IL ønskjer å utvide klubbkolleksjonen med ein hettegensar. Dette er ein raud UMBRO Hood Top Basic (sjå bilete). Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal tilbyr no kampanjepris på hettegensaren fram til 20.juli 2020! Hettegensaren blir levert med klubblogo, og med merke frå samarbeidspartnerane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Les vidare Kampanjepris på Hafslo IL – hettegensar

Bli med på Tine Fotballskule Hafslo 2020

Fotballgruppa på Hafslo arrangerer også i år TINE Fotballskule siste veka av skuleferien! TINE Fotballskule Hafslo 2020 vert arrangert i Moane onsdag 12.august til fredag 14.august kl.10-14 kvar dag. Tine Fotballskule samlar over 70 000 born frå heile landet til fotballfest! Meir informasjon om TINE Fotballskule finn du på www.tinefotballskole.no. På grunn Les vidare Bli med på Tine Fotballskule Hafslo 2020

Klubbveke Intersport Sogndal i veke 22 – Fotballsesongen 2020

Fotballaktiviteten er i gong igjen, og i neste veke (måndag 25.mai til laurdag 30.mai) er det klubbveke hos Intersport Sogndal med gode tilbod for medlemer i Hafslo IL på klubb-kolleksjon, fotballsko mm. Medlemer i Hafslo IL får 30% av veil. pris på klubbkolleksjonen i løpet av klubbveka (vanlegvis vil medlemene Les vidare Klubbveke Intersport Sogndal i veke 22 – Fotballsesongen 2020

Fotballaktiviteten på Hafslo har starta opp i tråd med koronavettreglane

Årets sesongførebuingar for fotball-laga våre, og all anna aktivitet i idrettslaget vart plutseleg lagt på vent på grunn av korona-viruset den 12.mars. Hafslo IL håpar det står bra til med alle, og vil takke alle medlemene våre for at de har vist omsyn og framleis viser omsyn til retningslinjene frå Les vidare Fotballaktiviteten på Hafslo har starta opp i tråd med koronavettreglane

Hafslovatnet Rundt 2020 vert avlyst, men vil du vere med å arrangere i åra som kjem?

Årets Hafslovatnet Rundt som skulle vore arrangert søndag 5.april er avlyst på grunn av korona-situasjonen. Kva som skjer med det tradisjonsrike turrennet i åra som kjem er framleis uvisst. Ei av sakene på årsmøtet for 2019 torsdag 13.februar 2020, var avvikling av Hafslovatnet Rundt frå 2021. Årsmøtet vedtok å utsetje Les vidare Hafslovatnet Rundt 2020 vert avlyst, men vil du vere med å arrangere i åra som kjem?

Hafslo IL sin klubbkolleksjon hos Intersport Sogndal

Dessverre er alle idrettsaktivitetar og fotballsesongen utsett inntil vidare på grunn av korona-viruset som har råka samfunnet vårt. Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal hadde planlagt klubbveke for Hafslo IL komande veke, men denne er utsett inntil vidare og vart derfor ikkje annonsert på grunn av situasjonen som har oppstått. Vi håpar Les vidare Hafslo IL sin klubbkolleksjon hos Intersport Sogndal