Vil du vere med på TINE Fotballskule Hafslo 2018?

   Fotballgruppa på Hafslo arrangerer også i år TINE Fotballskule siste veka av skuleferien! TINE Fotballskule Hafslo 2018 vert arrangert i Moane tysdag 14.august til torsdag 16.august kl.10-14 kvar dag. Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Fotballskulen er for alle, og det er ikkje eit krav at Les vidare Vil du vere med på TINE Fotballskule Hafslo 2018?

Dugnad før Lerum Cup 2018 i Moane onsdag 20.juni frå kl.17

    Lerum Cup 2018 vert i år avvikla laurdag 23.juni til måndag 25,juni. Det blir som vanleg dugnad i forkant i Moane onsdag 20.juni frå kl.17.00. Oppgåvene blir klargjering av baner, rigging av mål, nett, sperrenett, diverse rydding, kantslått, oppsetting av telt mm. Oppgåver blir fordelt ved oppmøte i Moane! Les vidare Dugnad før Lerum Cup 2018 i Moane onsdag 20.juni frå kl.17

Per Birger Lomheim fekk utmerking på idrettskrinstinget 14.april 2018

I november 2017 vart Per Birger Lomheim nominert som Sogn og Fjordane idrettskrins sin kandidat til prisen «Årets ildsjel 2018». Samstundes vart han vinnar av prisen «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018». Per Birger fekk utdelt den gjeve prisen under idrettskrinstinget i Sogndal laurdag 14.april 2018. Per Birger mottok Les vidare Per Birger Lomheim fekk utmerking på idrettskrinstinget 14.april 2018

Aktivitetsleiar-kurs på Hafslo 16.-17.mars 2018

16.-17. mars heldt kurslærar Stine-Marie Jonstad i idrettskrinsen kurs for 17 engasjerte deltakarar frå heile fylket på Hafslo barne- og ungdomsskule. Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Meir om kurset kan de lese her. Kurset Les vidare Aktivitetsleiar-kurs på Hafslo 16.-17.mars 2018