Det blir A-lag for herrer på Hafslo sesongen 2016!

Etter ein sesong utan A-lag for herrer på Hafslo, er det ei glede å kunne annonsere at Hafslo IL stiller med eit herrelag i 6.divisjon sesongen 2016. Sidan i haust har interesserte spelarar hatt treningar både på kunstgrasbana på Hafslo og i Sognahallen. Spelarar og tidlegare trenarressursar har hjulpe til Les vidare Det blir A-lag for herrer på Hafslo sesongen 2016!

Årsmøte 11. februar

Hafslo idrettslag held årsmøte på Eikum Hotell Torsdag 11. februar 2016  kl. 19.30. Vanlege årsmøtesaker. Saker som medlemmane vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet (28. januar 2016) Styret.

Hoppskule på skisenteret

For vinteren 2016 så samarbeider HIL si hoppgruppe med skisenteret om tilrettelegging av mindre hoppbakkar på Heggmyrane med muleg instruksjonshjelp i samband med «onsdagscup» (langrenn) og anna trening. «Minihoppbakkane» er tilrettelagt for bruk av langrennsski og dei er plassert ved servicebygget (kafeen) på vestsida eller ved barneskitrekket (delvis begge stader). Les vidare Hoppskule på skisenteret